Eit parti som er stifta, har samla mange tusen fysiske underskrifter, etablert ein landsdekkande organisasjon og stilt stortingslister i alle valkretsar, før mange av stiftarane i det heile har treft kvarandre fysisk. Det må i pandemien sin tidsalder i sanning kunna kallast eit barn av si tid. Men Sentrum er også på mange andre måtar eit barn av si tid.
Me lever i ei tid der me ser at utviklinga og levemåten vår på mange felt ikkje er bærekraftig. Altfor mange får ikkje del i godene og det er slett ikkje sikkert alle godene vil vera der for dei som kjem etter oss. Difor treng me eit parti som vil leggja tanken om bærekraft som målestokk for all politikk. Dette handlar sjølvsagt om klima og miljø, men det handlar også om sosial rettferd og kampen for mangfaldet. Difor er eg glad eg er med i eit parti som har som slagord at me vil gi alle ein mulighet! Eller slik FN formulerer overskrifta over bærekraftsmåla: «Leave no one behind!»
Eg er glad eg er med i eit parti som vektlegg vårt ansvar for kvarandre. Også ansvaret for å ta imot langt fleire menneske som er på flukt må prioriterast høgare enn å verna om vår eigen materielle velstand. Sentrum er eit parti som prioriterer dette høgare enn frykta for at Frp skal få fleire veljarar.
Eg er glad for å vera med i eit parti som vektlegg den uendelege verdien og rettane kvart menneske har. Samtidig blir fellesskapsverdiar og sosial rettferd i vårt program vektlagt meir enn skatteletter til dei rikaste. Sentrum er eit parti som tek avstand frå høgresida sitt mantra om at lette i formuesskatten er viktig for sysselsetjinga, eit mantra som dei gjerne vil skal overleva ei fagleg fundert avliving.
Og eg er glad for å vera med i eit parti som vektlegg menneskerettane til folk med funksjonshemmingar like høgt som andre sine menneskerettar, og som ønskjer å omsetja fine ord om dette til vedtak i Stortinget. Kampen mot utanforskapet er viktigare enn nokon gong, også her heime. Det er ikkje først og fremst folk som må forandra seg, men samfunnskapte barrierer som må bort for at alle skal få ein mulighet!
Ei slik solidarisk tilnærming til samfunnsutviklinga kjem ikkje av seg sjølv. Det krev politikarar som er villige til å prioritera ut frå ein tanke om at alle er like mykje verd. Det inkluderer dei som har funksjonshemmingar, dei som bur utanfor landegrensene våre og dei som kjem etter oss. Behovet for, og mange sin lengt etter ein slik politikk har gjort det mogeleg å etablera Partiet Sentrum som eit reelt alternativ til Stortingsvalet 2021 på kun nokre få månader.
Me ser fram til vårt første landsmøte 8.-9. mai, der me skal vedta eit omfattande program for å gi alle ein mulighet. Og me ser fram til å presentera dette for veljarane som eit heilt nytt alternativ ved valet i september, eit alternativ som kanskje ikkje er der for å passa mest på dine personlege interesser men kanskje for den som treng det enno meir?
Dag Sele
Stortingskandidat for Partiet Sentrum i Hordaland
LESERINNLEGG

Dag Sele
Stifter og 1. stortingskandidat Hordaland
Vekst
Partiet Sentrum er inne i en fase med fokus på bygging av organisasjon i hele landet. Vi har fortsatt medlemsvekst og våren 2022 holdes fylkesårsmøter i alle fylker. Landsmøtet 2022 holdes den 28.-29. mai 2022 i Oslo.
VÅR ADRESSE
Partiet Sentrum
c/o Advokatfirmaet Lippestad AS
Sehesteds gate 6
0164 Oslo
Kontakt oss
Bli medlem
Gå til medlemsregistrering.
Gi en gave
VIPPS #647004
Send en e-post til regnskap@partietsentrum.no
Alle andre henvendelser
hei@partietsentrum.no