Uke 33 i Arendal
Gjennom dei siste åra har samfunnet vårt vorte leia av statsrådar og byråkratar med altfor stor kjærleik til tal, tabellar og rapportering.
Det er ikkje utan grunn at ein altfor ofte høyrer om flinke fagfolk som forlet sine offentlege arbeidsstader fordi dei har fått nok av rapportering og bedriftsøkonomisk tenking på alle plan. Særleg ille er det når det skjer på område der ein arbeider mest med menneske, som t.d. i helsetenesta og i skulen.
Ei helseteneste organisert av bedriftsøkonomar
For ein som har arbeidd i mange år innanfor dei offentlege helsetenestene, både i første- og andrelinje, ser utviklinga dei siste åra enkelt sagt slik ut: Staten har fått ei stadig stigande tru på at offentlege velferdstenester skal styrast etter bedriftsøkonomiske prinsipp, som om dei var private bedrifter. Dette har medført stadig nye rapporteringsrutiner, som i sin tur fører til at helsepersonell brukar stadig meir tid på administrativ dokumentasjon. Og det som skal dokumenterast er ikkje nødvendigvis det som er fagleg viktigast, men det som er enklast å telja. I neste omgang medfører denne klokkartrua på bedriftsøkonomi, tal og rekneark mellom anna at helseføretaka må kutta i budsjetta for pasientbehandling, for å få råd til nødvendige nybygg etc.
Partiet Sentrum ønskjer å endra dei nasjonale helseføretaka og gjeninnføra politisk styring over spesialisthelsetenestene. Me ønskjer også å evaluera finansieringsordninga av spesialisthelsetenesta, med sikte på å auka rammefinansieringa og tilsvarande redusera stykkprisfinansieringa.
Ein skule der tal er viktigast?
Norsk skule treng mindre fokus på testing, rapportering og vektlegging av alt som er enkelt å telja. Fokuset må tvert om liggja på den enkelte elev og det å femna om det store mangfaldet som norske barn og ungdom representerer. Partiet Sentrum vil heller ikkje svekka lærerstaben på skulen gjennom å «avskilta» flinke lærarar som ikkje tilfredsstiller nye kompetansekrav eller å stenga motivert ungdom som ønskjer å bli lærarar ute frå lærerstudiet, fordi dei ikkje tilfredsstiller 4-kravet i matematikk. Igjen har me sett utslag av at tal og matematikk overstyrer det meste.
Bort frå «New Public Management»
Både dagens organisering av helsetenestene og test- og rapporteringsregimene i skulen er eksempel på at den bedriftsøkonomiske tenkinga i «New Public Management» kjem til kort når velferdssamfunnet skal løysa oppgåver knytt til sentrale område i folk sine liv. Høgreleia regjeringar dei siste åra har hovedansvaret for denne utviklinga, men erfaring tilseier at ein ikkje utan vidare kan venta andre takter frå Ap. Så kanskje er det også på dette feltet trong for nye stemmer?
Partiet Sentrum fryktar at både helseprofesjonane sitt fokus på pasienten og lærarane sitt fokus på eleven er under press i dagens samfunn. Me ønskjer difor å erstatta denne bedriftsøkonomiske «New Public Management»-tankegangen med ei tillitsreform. På denne måten vil me gjenreisa fagprofesjonane si rolle i ei organisering som byggjer på tillit og medverknad, ikkje berre måling og kontroll.
Kanskje er det tid for å prøva noko nytt?
Møt oss
- Arendalsuka
- Olavsfestdagene
2. og 3. august i Trondheim
- Karl Johans gate
Fra 13. august
- Arendalsuka
Uke 33 i Arendal
- Olavsfestdagene
2. og 3. august i Trondheim
- Karl Johans gate
Fra 13. august
Tekst

Dag Sele
første stortingskandidat, Partiet Sentrum Hordaland og
sentralstyremedlem
Vekst
Partiet Sentrum er inne i en fase med fokus på bygging av organisasjon i hele landet. Vi har fortsatt medlemsvekst og våren 2022 holdes fylkesårsmøter i alle fylker. Landsmøtet 2022 holdes den 28.-29. mai 2022 i Oslo.
VÅR ADRESSE
Partiet Sentrum
c/o Advokatfirmaet Lippestad AS
Sehesteds gate 6
0164 Oslo
Kontakt oss
Bli medlem
Gå til medlemsregistrering.
Gi en gave
VIPPS #647004
Send en e-post til regnskap@partietsentrum.no
Alle andre henvendelser
hei@partietsentrum.no