Pasientforløp kan svekka behandlinga til psykisk sjuke
Det er i dag innført pasientforløp for mange sjukdomsgrupper i dei offentlege helsetenestene. Dette inneber ei standardisering av utredning og behandling, og har såleis potensiale til å både korta ventetider og styrka kvaliteten i arbeidet. Utfordringa med pasientforløp innan psykisk helse er imidlertid at dette er eit felt der det i særleg stor grad er trong for individuelle tilpasningar av behandlinga.
Pasientforløp innan psykisk helse kan derimot i mange tilfelle medføra ei standardisering som gjer fleksibilitet og individuell tilpasning vanskeleg.
Partiet Sentrum ser at pasientforløp ikkje gir tilstrekkeleg rom for faglege vurderingar i dei enkelte sakene, særleg dersom dei blir kopla mot finansieringsordningane. Danske psykologar advarte mot å overføra denne ordninga frå somatikk til psykiatri i Danmark. Dei peika mellom anna på at koplinga mellom diagnose og behandling er langt mindre klar innan psykiatri enn innan somatikk. Danske fagmiljø advarte difor Noreg mot å følgja etter Danmark og innføra dette.
Pasientforløpa legg allerede i dag begrensningar på den individuelle tilpasninga av både behandlingsform og varighet av behandlinga. Dersom ordninga i framtida skulle bli tettare kopla mot finansiering av behandlingsinstitusjonane, slik tilfellet har vore i Danmark, vil denne effekten bli kraftig forsterka.
Partiet Sentrum vil
- evaluera og eventuelt omarbeida pasientforløpa innan psykisk helse, slik at dei i tilstrekkeleg grad gir rom for faglege vurderingar og individuell tilpasning.
- gå imot einkvar kopling mellom pasientforløp og finansiering av psykiatriske behandlingsstader, for å unngå at denne koplinga forsterkar utfordringane med manglande tilpasning og fagleg vurdering
Vedtatt på landsmøte i Partiet Sentrum, 30. april 2023