Harald Heggernes

6. kandidat Vestfold
Om

Harald er født i 1968. Han er utdanna sjukepleiar med ymse vidare- og etterutdanningar. Arbeider poliklinisk innan psykisk helse i Sandefjord kommune.

Hjartesakene er kampen for inkludering og at det er samfunnet si oppgåve å hindre at nokon er utanfor. Mennesket har eit grunnleggjande behov for å høyre til. Fordi menneska er ulike treng vi eit samfunn som er prega av mangfald.

Er også engasjert i sjølvmorsforebygging og ein del av arbeidet hans er å vera kursleiar for «Vivat selvmordsforebygging»
Har tidlegare vore engasjert og hatt ulike verv i Norsk Sjukepleiarforbund lokalt og på fylkesnivå. Har også hatt lokale verv i Den Norske Kyrkja.