Hildegunn Maria Haanes Ruset

6. kandidat Oppland
Om

Hildegunn (1985) bor bor på Vinstra i Gudbrandsdalen og pendler til jobb i Møre og Romsdal fylkeskommune, kor ho er rådgivar i kulturavdelinga. Ho tek også ein doktorgrad ved NTNU kor ho forskar på museumspolitikk og forholdet mellom museum og samfunn. Med kultur som sitt fagfelt meiner Hildegunn at kultur er eit uvurderlig verktøy til å jobbe med alt som er viktig!

Hildegunn er opptatt av at god politikk er ein politikk som er god for alle. Eit samfunn har det berre godt, om alle i samfunnet har det godt. Eit samfunn med mangfold og inkludering, kor alle føler seg ønska, sett og satt pris på er hovedmotivasjonen for hennar politiske engasjement. I politisk diskurs blir mennesker ofte redusert til kjønn, legning, religiøs tilknyttig, funksjonsnivå eller etnisitet - dette er uakseptabelt. Alle mennesker skal sjåast og reknast med i samfunnet som heile mennesker med ressurser og potensial for å bidra til fellesskapet på ein positiv måte. Norge treng ein politikk som legg til rette for det.