For tillitsvalgte

På denne siden finner du ressurser som kan være nyttig for dere som er tillitsvalgt i Partiet Sentrum

 

Tillitsavtalen for medlemmer i Partiet Sentrum

Vedtekter

Sist endret: Landsmøte 29.-30. april 2023

§1 - Formål

Partiet Sentrum byggjer sin politikk på vedtekne menneskerettar og FNs bærekraftsmål. Partiet Sentrum er eit blokkuavhengig og livssynsope parti.

§2 - Medlemskap

Alle som er over 13 år, støttar partiet sitt føremål, sluttar seg til partiet sin vedtekne tillitsavtale og ikkje er medlem i anna parti kan bli medlemer i Partiet Sentrum.

Medlemskap gjeld frå betalt kontingent og ein har stemmerett i partiet sine organ fire veker etter betalt kontingent. Medlemskap er gyldig så lenge kontingent er betalt og vedkomande ikkje har meldt seg ut. Medlemer som ikkje har betalt kontingent ved utgangen av året vil bli oppfatta som passivt utmelde og medlemskapet vil bli sletta.

Medlemskap blir organisert gjennom lokallaget og fylkeslaget der vedkomande bur. Dersom det ikkje er oppretta lokal- eller fylkeslag i det aktuelle området, blir medlemskapet organisert på nivået over (fylke eller nasjonalt). Eit medlem kan i spesielle tilfelle også søkja sentralstyret om å få vera tilknytta anna lokal- eller fylkeslag enn der vedkomande bur.

Medlemskontingent og fordeling av denne mellom ulike ledd i organisasjonen blir vedteke av landsmøtet.

§3 - Tillitsverv

Det er kun medlemer i partiet som kan veljast til tillitsverv. Alle tillitsvalde og folkevalde for Partiet Sentrum er forplikta på og skal arbeida for partiet sitt føremål og verdiplattform. Eit medlem kan reservera seg mot enkeltpunkt i verdiplattform eller stortingsvalprogram som går på tvers av eigen overbevisning. Ein slik reservasjon må gjerast gjeldande seinast ein månad etter at programmet er vedteke og vedkomande må orientera nominasjons-/valnemnd om dette før ein aksepterer nominasjon/val. Alle medlemer i partiet pliktar også å retta seg etter partiet sine vedtekne retningslinjer og tillitsavtale.

Alle organ og utval i partiet skal, så langt som mogeleg, ha maksimalt 50% representasjon av eitt kjønn. Tilsvarande skal ein i partiet sine organ i størst mogeleg grad ta i bruk det mangfaldet som me alle er ein del av i samfunnet.

§4 - Organisasjon

Partiet Sentrum blir utgjort av medlemer organisert i lokallag, fylkeslag og partiet sin nasjonale organisasjon. Bydelslag i Oslo kan organiserast som lokallag. I tillegg er den sjølvstendige organisasjonen Unge Sentrum tilknytt Partiet Sentrum, gjennom særskilt samarbeidsavtale og med dei representasjonar som går fram av §§ 7-10. Innanfor organisasjonen oppnemner landsstyret ulike nettverk, med tilhøyrande mandat og leiing. Desse nettverka arbeider sjølvstendig og deltek elles i partiet sitt arbeid med representasjon der det er tematisk naturleg.

§ 5 Lokallag

Eit lokallag må ha minst tre medlemer. Lokallaget vedtek sine eigne vedtekter og desse må
godkjennast av fylkesstyret. §§ 1-3, 5 og 11 i Vedtekter for Partiet Sentrum må imidlertid under alle omstende gjelda for alle lokallag. Dersom lokallag ikkje har vedteke eigne vedtekter, gjeld normalvedtekter for lokallag i Partiet sentrum, vedtekne av landsstyret.

§6 - Fylkeslag

Fylkeslaget sine medlemer er partiet sine medlemer som er busette i fylket, uavhengig av om dei er medlemer i eit lokallag. Fylkeslaget vedtek sine eigne vedtekter og desse må godkjennast av sentralstyret. §§ 1-3, 5, 6 og 11 i Vedtekter for Partiet Sentrum må imidlertid under alle omstende gjelda for alle fylkeslag. Dersom fylkeslag ikkje har vedteke eigne vedtekter, gjeld normalvedtekter for fylkeslag i Partiet Sentrum, vedtekne av landsstyret. Fylkeslaget kan vedta eigne reglar for representasjon frå lokallaga til fylkesårsmøte og nominasjonsmøte, i tillegg til ordningar for nominasjonsprosessar.

§7 - Sentralstyret

Sentralstyret leier og er ansvarlege for verksemda til partiet mellom landsstyremøta og er partiet sitt utøvande organ. Sentralstyret har ansvaret for at vedtak frå landsstyret blir følgde opp, leier det organisasjonsmessige og politiske arbeidet, oppnemner utval og forvaltar partiet sin økonomi i tråd med budsjett og retningslinjer frå landsstyret. Leiar og generalsekretær har signaturrett, kvar for seg.

Sentralstyret tilset generalsekretær, vedtek bemanningsstruktur og stillingsheimlar.

Sentralstyret i Partiet Sentrum er samansett av

  1. Leiar og to nestleiarar, valde av landsmøtet
  2. 6 styremedlemer, valde av landsmøtet
  3. Leiar i Unge Sentrum
  4. Leiar av stortingsgruppa

Generalsekretær møter i sentralstyret med tale- og forslagsrett.

Dei 9 landsmøtevalde medlemene av sentralstyret blir valde for 2 år om gongen.

Landsmøtet vel 4 varamedlemer for dei 9 faste sentralstyremedlemene. Nestleiarane i Unge sentrum og stortingsgruppa er varamedlemer for sine leiarar. Dersom desse er valde medlemer av sentralstyret, vel Unge sentrum/stortingsgruppa eigne varamedlemer.

Ved fråfall av leiar, vel landsstyret ny leiar blant nestleiarane. Ved fråfall av nestleiar vel landsstyret ny nestleiar blant sentralstyret sine medlemer. Ved velferdspermisjon for leiar eller nestleiarar, vedtek landsstyret ei midlertidig ordning for partileiinga.

Sentralstyret bør ha møte minst 5 gonger i året eller så ofte som leiar finn det naudsynt, evt når minst 4 medlemer av styret krev det. Sentralstyret er vedtaksført når minst 6 av dei røysteføre er til stades. Ved røystelikskap har leiar dobbeltrøyst.

§8 - Arbeidsutvalget

Arbeidsutvalet behandlar saker som er delegert frå landsstyret eller sentralstyret, i tillegg til saker som har ein slik hastegrad at det ikkje kan venta til neste eller ekstraordinært sentralstyremøte. Sistnemnde skal alltid refererast særskilt til sentralstyret ved første høve.

Arbeidsutvalet er samansett av leiar, dei to nestleiarane, leiar i stortingsgruppa og leiar av Unge Sentrum. Generalsekretær møter i arbeidsutvalet med tale- og forslagsrett

§9 - Landsstyret

Landsstyret er Partiet Sentrum sitt øverste organ i periodane mellom landsmøta. Landsstyret skal behandla meldingar frå sentralstyret og stortingsgruppa om den organisatoriske og politiske verksemda til partiet, i tillegg til saker som sentralstyret legg fram. Landsstyret skal også godkjenna revidert rekneskap og vedta budsjett for partiet, inklusive kontingent. I god tid før kvart stortingsval vel landsstyret ein programkomite, som utarbeider eit utkast til stortingsvalprogram for stortingsperioden. Landsstyret skal også vedta prosess for utarbeiding av stortingsvalprogram for komande stortingsperiode, inklusive fristar og høyring. Landsstyret vedtek innstilling til programvedtak i landsmøtet.

Landsstyret er samansett av

  1. Sentralstyret
  2. Fylkesleiarane, evt ein representant som fylkesstyret vel som representant til landsstyret frå det aktuelle fylket
  3. 2 representantar frå Unge sentrum
  4. 2 representantar frå stortingsgruppa
  5. Leiar av sametingsgruppa til Partiet Sentrum

Generalsekretær møter i landsstyret med tale- og forslagsrett.

Varamedlemer for sentralstyremedlemer er også varamedlemer for desse til landsstyret. Nestleiarar i fylkeslaga er varamedlemer for fylkesleiarane, om ikkje fylkeslaget har vedteke anna. Medlemer som er valt til fleire av nemnde verv, møter i det høgast rangerte av 1-4 over. Verv som dermed blir udekka blir fylt av vararepresentant.

Landsstyret møter minimum to gonger årleg, så ofte som leiar finn det naudsynt eller når minst ¼ av medlemene ber om det. Landsstyret er vedtaksført så sant halvdelen av medlemene møter.

§10 - Landsmøte

Landsmøtet er Partiet sentrum sitt øverste organ. Det skal haldast årleg landsmøte og elles når landsstyret ber om det. Landsmøtet blir innkalt av landsstyret med minimum to månader varsel.

Landsmøtet er samansett av

  1. Sentralstyret
  2. Delegasjonar frå fylkeslaga, etter følgjande fordelingsnøkkel:Fylkesleiar og minst 3
    a. delegatar valde på fylkesårsmøtet frå alle fylkeslag
    b. Ytterlegare 55 delegatar, fordelt etter talet på medlemer i fylkeslaget pr. 1. jan, slik:

    Det største fylkeslaget: 10
    Det nest største fylkeslaget: 9
    osv. til det nest minste fylkeslaget, som får 1.

  3. 11 delegatar frå Unge Sentrum
  4. Stortingsgruppa
  5. Leiar av sametingsgruppa til Partiet Sentrum
  6. 1 delegat frå kvart av dei landsstyreoppnemnde nettverka i partiet (jfr. § 4)

Tilsette i partiet har møterett i landsmøtet, med tale- og forslagsrett i saker som ikkje er politiske. Alle medlemer i partiet har adgang til landsmøtet, men utan talerett.

Landsmøtet skal:

  1. Godkjenna årsmelding
  2. I mellomvalår velja
    a. Leiar og 2 nestleiarar
    b. 6 medlemer og 4 varamedlemer til sentralstyret
    c. Ekstern revisor
    d. Kontrollkomite, 2 personar
    e. Valkomite, 9 personar, som ved neste landsmøte i mellomvalår legg fram forslag til alle val under pkt a-e i dette punkt.
  3. Behandla saker som landsstyret eller sentralstyret legg fram.
  4. Landsmøte i stortingsvalår vedtek stortingsvalprogram for komande valperiode.
  5. Landsmøte i lokalvalår drøftar verdiplattforma til partiet.

Saker som medlemer eller organ i partiet ønskjer å fremja for landsmøtet må sendast sentralstyret seinast 1 månad før landsmøtet. Sentralstyret innstiller til landsmøtet i slike saker. Saker som er innsende etter fristen kan ikkje behandlast i landsmøtet, med mindre eit fleirtal i sentralstyret eller 2/3 av landsmøtet ønskjer at saka skal behandlast.

Forslag om lovendringar, jfr § 12, og om endringar i verdiplattforma krev 2/3 fleirtal i landsmøtet. Andre vedtak blir gjort med alminneleg fleirtal, om ikkje anna er vedteke.

§11 - Disiplinærvedtak

Dersom eit medlem av Partiet Sentrum bryt norsk lov, partiet sine vedtekter, vedtekne tillitsavtale, eller andre skriftlege retningslinjer, kan sentralstyret i partiet vedta disiplinære reaksjonar mot vedkomande, med landsstyret som ankeinstans. Desse reaksjonane vil kunna variera, ut frå grad av alvor i brot på lover, reglar eller retningslinjer. Aktuelle reaksjonsformer kan vera kritikkvedtak, suspensjon, eksklusjon og melding til politiet.

Landsstyret skal vedta eigne retningslinjer for disiplinærsaker, inklusive saksbehandling og ankemulighet.

§12 - Vedtektsendringer

Desse vedtektene kan endrast av landsmøtet med 2/3 fleirtal. Landsstyret skal gje innstilling til framlegg om vedtektsendring som skal behandlast på landsmøtet.

Pin It on Pinterest