Uttalelse vedtatt av Landsstyret i Partiet Sentrum 26. mars 2022.

Me er i ein krevende situasjon når det gjeld energi. Me vil trenga meir fornybar energi dei neste åra. På kort sikt må folk få hjelp til å betala dei svært høge straumrekningane gjennom direkte tiltak. På lang sikt er det redusert straumforbruk og betre balanse i kraftmarknaden som kan ta ned straumkostnadane.

Når me skal finna løsningar på dette er det viktig å tenka nøye gjennom kva tiltak som gir minst skade på natur, som kan settast i gang raskt og som gir godt utbytte for dei pengane me brukar.

Energieffektivisering

Partiet Sentrum, meiner at me først må utnytta det potensialet som ligger i å energieffektivisera eksisterande bygningsmasse. NVE seier i ein rapport at me kan få 13 TWh i året på energisparing på eksisterende bygg. Me foreslår meir kraftfulle støtteordningar til energieffektivisering av bustadhus, offentlege bygg og næringsbygg.

Solenergi

I en rapport fra Multiconsult frå 2020 står det at: «Det er mulig å få til minst 30 TWh med kraftproduksjon på fasader og tak som allerede er bygget i Norge.» Dette er tiltak som ikkje vil kreva store arealinngrep og kan gi betydelige mengder energi, raskt. Partiet Sentrum vil difor auka støtta til bygging av solcelleanlegg på bustadhus, offentlege bygg og næringsbygg. Tilskuddet til investering i solenergi bør aukast til eit nivå som bidrar til at investeringa for dei fleste kan nedbetalast i løpet av 5 til 10 år.

I begge tilfelle bør søknadsprosess gjerast enkel og gebyrfri.

Pin It on Pinterest